Nestleiar Dagrun Eriksen, Inger Lise Hansen og Knut Arild Hareide haldt engasjerande seminar og hadde det hyggeleg i lag med KrFU. Stortingsrepresentant Geir J. Bekkevold snakka om innvandring, integrering og integritet.
Innimellom dei politiske foredraga var det ei rekke andre aktivitetar som fotballturnering, rafting, salsakurs og filmseminar. Kvar kveld var det "Drømmekveld" med trioen Hilde, Torstein og John Anders, ein suksess frå Vårkonferansen med sang, sketsjar og gjestar. Gjengen frå Drømmekveld arrangerte ein dagleg talentiade der alt frå operasang til høgtopplesing av kinesiske dikt var blant innslaga. På bildet til høgre er nestleiar i Oslo KrFU, Sigmund Vefring, i aksjon.